På ungdomskulen var eg faktisk kjendt for det.
Ho i den raude buksa. Ho med den raude kåpa. Ho med den raude ballkjolen. Ho med den raude fjellanorakken. Ho med dei raude skoa. Det var “varemerket” mitt.
No går eg ikkje lenger med raude sko, og fjellanorakken og den raude kåpa er for tida bytta ut med ein tjukk, varm, blå dunjakke. Ballkjolen min heng i skåpet og buksa finn eg ikkje att.
Eg er ikkje lenger “ho med den raude eitt eller anna”. Og eg saknar det…
Sidan eg saknar det gjorde eg noko ganske crazy i dag. Eg gjekk ut i snøen med ballkjolen min og tok bilete…. Sikkert fint for helsa.
Foto: BelindaMidttun
Dynetrekket lukta rart. Røyk. Eg snur meg, stirrar inn i den raude vekkarklokka. Kvart over tolv. Blunkar ein gong, to gongar. Kjenner hjarta hamrar fortare, fortare. Vrir meg 180grader rundt i ein helvettes fart, klar for å døy endå litt meir inni meg når eg ser kven som eig handa som ligg rundt magen min. Kven er det?! Kvar har eg gjort?! HERREGUUUD!!!
Alt eg ser er veggen. Beroligande, tenkjer kanskje du. Men kven trur du blei så skrekkslagen at ho pressa seg bakover opp mot veggen bak seg som om ho var døden ner. Jo det var eg. Det er ikkje kvar dag eg vaknar av å kjenna ei ukjendt hand rundt magen for så å finna ut at den ikkje er der i det heile. Det er nesten skummlare…
Medan eg sat der pressa opp mot veggen med ein puls på 299 lurte eg på kor handa som nettopp hadde låge rundt magen min var blitt av. Kanskje eg hadde sovna att og han hadde gått ut? Den var der. Eg hadde ikkje drøymd det. Eg kjente den tydeleg. Den hadde vore der.
Men eg kunne vel ikkje hukse så feil, eg var då ikkje så bortevekk. Var eg?
Eg sank nedatt i senga med mange rare tankar i hovudet om monster og gutar og rødt og grønt og blanktog brunt som eg ikkje har godt av og spøkelse og drit og lort og pokkern!
Eg løfta handa for å lesa meldingen som plinga inn. Men eg klarte ikkje løfta armen, den sov. Det var altså min eigen arm eg hadde kjendt. Men sidan eg ikkje hadde følelse i den verka det som om den var nokon andre sin. Dessutan kjendtes den unormalt stor og mandig ut..heheh..
Eg har ikkje ord for kor letta eg blei. Eg trudde verkeleg eg hadde gjort noko riktigrikig dumt eg. Eller at spøkelser faktisk fins… heh..
I går var det rakkadeis. I kveld seier eg meg nøgd med lasagne og fanta framfor ein glovarm peis.
Av og til føler eg meg verkeleg langt over gjennomsnittet supersmart. 
Og med tanke på krakylet som sit her ved mi side er tanken på å gå fra Facebooken min pålogga ganske…skummel.
Men me har fri i dag då, det er fint. Den mega aktive hjernen min treng litt fri. I kveld blir det partyparty (hah, den var grella god..) satsar på eg får meg gjennom det utan å dø. Berre tanken på å vere lukkeleg saman med andre.. menneske.. gjer meg kvalm. Æsj.
KØDDA.
neida. joda.
Min venstre utvekst. Mi høgre hand. Jenta som må halde ut med timasvis med masmasmas i veka om ting som ingen andre gidd å høyra på. Ein sånn person er fin å ha. Spesielt i timar der ein gjer absolutt null niks nada.
read more…
Me heldt på med eit lydprosjekt på skulen for tida. Eg trur eg kan seie at min byrjar å ta litt form no. Er ikkje heilt ferdig, skal leggje på meir”trommer”(me har ikkje lov å bruka instrumet..) og bass og litt krimskrams. Men her har de vertfall korleis den er blitt så langt. Alle stemmene er meg sjølv. Litt rart. Mæd dårleg start. Men ellers heilt grei. Trur eg.
- …eg ikkje er direkte dum. det er berre mattelæraren sin ekstremt gebrokne norsktale som gjer at eg føler meg dum. for ikkje å nemna rettskrivinga….
- …it’s learning verkeleg må hata meg. kvifor verkar den aldri når eg verkeleg verkeleg treng at den skal det?!
- …store bokstavar eigentleg ikkje er fine. dei er ganske stygge faktisk. likevel syns eg det er ganske teit med slike som eg som skriv utan dei for å bevisa det.
- …eg er ei pyse som aldri tør å gjere noko med noko som helst…eigentleg..
- …eg vil skifta design på bloggen… er lei det eg har no.
- …det er kjekkare å lesa to dagar gamle aviser og å opna kjøleskåpet berre for å glo inni det no som søss er heime. kvifor?
difor. (blei kanskje ein smule internt der.. men eg veit no at eg har ein fem seks sju åtte ni lesarar i alle fall som fekk seg ein god latter der,og då seier eg meg nøgd med det eg då.)
- …hjernen min produserar store dosar dopamin for tida. dessverre kan eg ikkje påstå at det alltid er like positivt.. men morro er det, for all del.
- …det skal ganske lite til for å gleda meg. det er bra.
- …dette var himla teit. no skal eg sjå Dr. House. snakkast. om lenge ein gong. blogging er teit.
- …eg bloggar sikkert igjen i morgon uansett.
(om du no googlar dopamin..noko eg reknar med at du gjer, sånn ca no. så kjem du mest sansynleg fram til at eg produserar det fordi eg har parkinson eller altfor mykje sex. så før de set dykk skitne tankar i hovudet om meg kan eg informera om at å googla det er lite lurt, for svara du får der er feil, i mitt tilfelle i alle fall.) trykk her du, så får du veta kvifor:-)
Eg gjekk inn i januar(og 2010) iført slangeskinsthights og fine krampesko.
Eg byrja å øve igjen utanom øvingane med korpset, etter tre års sløvhet…
Og eg har prestert å bli meget betatt av ein søt ein… Og det blir sjølvsagt fint illustrert av greie klassekameratar.
Eg har vore halvfullfeit kinesisk voksdukke på ball(kanskje lurt av meg å nemna at eg ikkje er den kjekke herremannen med blitz i panna… eg er den rare tingen i bakgrunnen der….)

og denne jenta har hatt bursdag.
Eg har begynt på nokre, fullført nokre og brent andre songar
Eg har laga videoblogg
Og eg har vore himla irritert på visse teite bloggarar og blogg.no.. noko eg har gitt utrykk for her. Og her.
RENT, må eg jo nesten nemna, for det var ganske så bra.
Januar har vore fin, men og ganske rar. Eg har til tider vore forvirra og usikker og kanskje til og med litt deprimert. Noko som har gått utover det aller meste, kanskje spesiellt skulen. Men sidan Ida er Ida beheld eg maska med smilet på, og det visar seg gong på gong at ting går over. Og smilet blir ekte att. Det treng berre litt tid. Eg har møtt nye fantastiske menneske i januar, og eg har vore lukkeleg. Det er rart det, korleis ein kan gå rundt å ha det bra, men likevell er det noko som er feil. Eller at ein går rundt og har det ganske rævva, og der kjem det nokon som gjer at dagen blir ganske fin likevell. Slike ting er fint. Det får meg til å smila. Og eg trur det er ganske normalt. Er det ikkje? Har ikkje eigentleg alle det slik?
Hei. Sånn her ser eg ut idag.
Eg har heilt seriøst aldri vore så slapp før som eg har vore i dag. Sånn heilt seriøst. At eg hadde fri i dag kan eg vere glad for. Eg vakna klokka ti på halv eitt av at eg fekk sinsjukt lyst til å spela Sims3. Så då gjorde eg det. Spelte Sims3, altså. Så sat eg der då, heilt til eg måtte eta. Sjølvsagt var huset renska for mat. Så eg gjekk på butikken og kjøpte hotdog. Eg kom heimatt og åt før eg spelte meir Sims3.
Ein innhaldsrik dag. Med andre ord. Så sjukt innhaldsrik at eg blir så himla inspirert at blogging verkeleg fristar. Så sjukt innhaldsrik. Og ikkje kan eg gjera noko med det heller. Ikkje i kveld. For i morgon er det opp tidleg for å gjera seg klar til korseminar. Så eg vert vel sittande her med Simsen min eg. Heilt til eg tek tidleg kveld.
Men mitt virtuelle liv er jo flott, då. Sjekk huset!
Og utsikten!
Eg har til og med ein mann. Eg som har så lyst på ein mann.. Eg kan jo berre gifta meg med han, eigentleg. Det er jo heilt normalt det, å gifta seg med datafigurar.
Ja, for eit liv.. men huset er jo ganske fint.. eigentleg..






OMG. Eg treng sårt eit liv.. nokon som veit kor eg kan få kjøpt eit som ikkje er så altfor dyrt?
Når ein ligg der med trynet klistra i asfalten, og beina i spagat utover isen, då er livet verkeleg heilt topp. Det er då ein tenkjer at ein skulle holdt seg under den varme dyna. Slik som ein tenkte ei sku då ein høyrde harde dråpar og vindkast utanfor ruta.
Halleluja det regnar, snøen forsvinn!! Våren er på veg!
In my bum! Veit de, det er lenge til våren, for pokker. Det har ikkje ein gong vore vinterferie. VINTERferie… må eg stave det for dykk?
Alle klagar over snøen og kulden og bartar som frys til is. Men er dette noko betre då? Eg berre spør. Litervis med vått..berre vått.. som daskar deg i trynet på veg til bussen. Vegane har gått frå å væra glatte til såpeglatte og ute er det grått, og på knea mine er det garantert ganske snart blått. Så eg berre spør, er ikkje snøen om vinteren eigentleg ganske fin?
Jo, eg tenkte det. Å leika bambi på glattisen er noko ein nøyer seg med å oppleve èin gong i året for dagen. Eg for min del, opplevde det fem gongar på dei små tjue metra frå døra til garasjen.. Great.
Men eg kom meg til bussen, då. Kor eg vart sittande med den ti kilo tunge buksa mi som lagde elver større enn Glomma i midtgangen. Mp3′en kortslutta. Anten fordi den var forslått eller fordi den var våt. Eg hadde nok glidd rett inn i gjengen i “U-Hu” med dei augene og dei sokkane. Og no har eg søren meg prestert å bli sittande å lesa om livets glade dagar i varmare strøk og om katten til Kasper for pokker.
Skal denne hendelsen med trynet klistra i asfalten verkeleg få meg til å drøyma om paradis og femogtjue grader og gje meg mørke tankar om at katten til Kasper er den einaste i verda som har det meir forferdeleg enn meg?
Jaja, som dei seier, Drukna katt pustar best…
…..hæ?
som har så fin latter, at eg må le når ho ler. Eg kjenner ei som er så spesiel at eg kjenner berre ei som er slik som ho. Eg kjenner ei som alltid høyrer etter. Ei som eg kan vera stille med. Og som kan masa så mykje at eg faktisk får gnagsår i øyrene. Ei som eg kan diskutera så heftig og høglytt med at det høyrest ut som om tredje verdskrig er på veg, men som likevell ikkje blir sint. Eg kjenner ei som kjenner meg. Og ho er heilt fantastisk.
I dag har ho bursdag, denne jenta som er heilt fantastisk. Og eg håpar ho får alt det ho ynskjer seg og at dagen blir fin, for ho fortjener berre det beste.
Gartulera med dagen nok ein gong, Cassandra! No er du atten!
Og for all del, ikkje feir med måte;-)















