For fyrste gong var eg ærleg om det. Eg sa det som det var. Som det er. Eg var dødeleg forelska. Er dødeleg forelska? Ein veit ikkje kva ein gjer og ser ikkje kva som hender. Eg sa det heilt utan å kjenna sommarfuglane i magen. Heilt utan å rødma. Eg var dødeleg forelska. Eg er dødeleg forelska?
Snakka alltid om han, til dei eg turte sei det til. Alltid han. Berre han.
Kvifor var det slik? Er det slik?
Følelsar. Den eine tingen vi menneske faktisk ikkje kan kontrollera. Tru meg eg har prøvd. Eg klarte det og. Ein kan berre oversjå dei. Det går ann. Faktisk er det til tider ganske enkelt. Men så slår det tilbake på deg og du blir stum og kvalt og føler deg dum. Eg har vore gjennom det. Er i det?
Du veit ikkje kvar i verda du er alltid. Veit ikkje om døra di er den til høgre eller venstre eller om han i det heiletatt har ofra ein halv tanke din veg sidan sist du såg han.
Og slik er berre livet. Eg har kome fram til konklusjonen: eg må enten gløyma han heilt, sletta han frå livet. Eller må det berre bli oss ein dag.
Eg håpar det blir oss, eg. Det er det som er problemet.



Håpe eg og <3
<3
Man skulle egentlig ha hatt kontroll på følelsene sine.
Sånn egentlig.
Men det er godt å være forelska også.
Hadde man bestemt det selv, ville det ikke blitt det samme.
- håper det blir dere to!
Det hadde vore fint til tider ja! Men det ville nok ikkje blitt set samme.. det at ein mistar kontrollen kan vera ganske fint òg..
Takk for håpet ;)