DET BLIR NY BLOGG PÅ NYÅRET!!

Eg har skifta til blogspot og de vil finna meg der :-) Hjarteskribler er framleis namnet, http://hjarteskribler.blogspot.com/.

Ja, den er forresten stengt om du les dette før 1.januar, den opnar ikkje før då ;-) Men du kan jo følga den på bloglovin så du får med deg når første innlegg kjem!

Follow Hjarteskribler

See you again sometime somehwere in space!

Bloggen har stått stille i det siste, og det har eg tenkt at den kan få fortsetja med. Eg har null skrivelyst og ingen inspirasjon, for alt handlar berre om juljuljul i desse dagar. Eg vil kjenna på ei avslappa jul i år, der bloggen berre er eit fjernt minne og ikkje noko eg går rundt og tenkjer på at eg må oppdatera snart.

Så, God Jul, Godt nyttår. Slapp av, ta av(hæla i taket lizzom), og et mykje feit mat! Eg vil koma tilbake 01.01.2011 sharp! I frykt for at eg framleis skal vera tom for ord i Januar neste år, har eg tatt på meg noko så forferdeleg som ei… wait for it….. utfordring!!! Ja, slik ser altså den ut:

Dag 1 – Fortell om forholdet du er i eller om singeltilværelsen(LOL)
Dag 2 – Hvor vil du være om 10 år?
Dag 3 – Ditt syn på narkotika og alkohol
Dag 4 – Ditt syn på religion
Dag 5 – En del av livet ditt du ikke savner
Dag 6 – Skriv 30 (u)interessante fakta om deg selv
Dag 7 – Stjernetegnet ditt og om det passer personligheten din
Dag 8 – En tid når du var tilfreds med livet ditt
Dag 9 – Hvordan du håper fremtiden vil være
Dag 10 – Diskuter din første kjærlighet og ditt første kyss
Dag 11 – Sett iPoden/iTunes på shuffle og skriv ned de 10 første sangene
Dag 12 – Beskriv dagen i punkter
Dag 13 – Et sted du vil flytte til eller besøke
Dag 14 – Ditt tidligste minne
Dag 15 – Dine favorittblogger
Dag 16 – Ditt syn på populærmusikk
Dag 17 – Høydepunkter og nedturer det siste året
Dag 18 – Hva tror du på?
Dag 19 – Fortell om familien din
Dag 20 – Hvor viktig synes du at utdanning er?
Dag 21 – En av favoritt tv-seriene dine
Dag 22 – Hvordan har du forandret deg de to siste årene?
Dag 23 – Bilder av fem attraktive kjendiser(JAAAA, glede meiii)
Dag 24 – Favorittfilmen din og hva den handler om
Dag 25 – En som fascinerer deg og hvorfor
Dag 26 – Hva slags mennesker tiltrekkes du av?
Dag 27 – Et problem du har
Dag 28 – Noe du savner
Dag 29 – Mål for de neste 30 dagene
Dag 30 – Oppturer og nedturer den siste måneden

Jaddasååå. Vil nok bli andre typar blogginnlegg òg, om inspirasjonen melder seg. Men no seier eg takk for meg for i år! See you next year. Eg likar dykk <3

Kom inn å få deg litt kaffe.


Når du har brutt alle regler som bryta går .Og du har slikt av dine sår .Og det er hverken din anger eller pasjon som rår. Kem sitter du igjen med då? La det vara. Når det er slutt på en sesong. Når det er tomt i min kartong. Philemon Arthur & The Dung. Du og meg i en song. Prøv og grav ner, prøv å grav ner, dine hemmeligheter. Alt du vil at ingen andre skal veta. Og det går år, før det du sår kan voksa. Prøv å hold ut for meg då. Du vett, alt du kan drømma, alt det kan henda. Akkurat som alt som er vakkert, kan brenna. Og mens ingenting hender, kan du ingenting gjera. Du må bare la det vara. Når det er slutt på en sesong. Når det er tomt i min kartong. Philemon Arthur & The Dung. Du og meg i en sang. Ding dong. Kem er det som banker på nå? Er det du? Kom inn og få deg litt kaffe.

Han drikk kaffien sakte. Skular på henne over randen av koppen. Kva tenkjer han på? Ho smilar. Legg handa på låret hans og seier det er fint at han ville komma. Han trekkjer seg bort. Sett frå seg kaffikoppen. “Kva er det du vil ha frå meg?” Nei, han seier det ikkje høgt, men ho trur ho forstår. Det er det blikket hans seier: “Kva er det du vil?”. Ho kjenner han godt nok no. Ho veit. Tek hinta, dei er mange. “Kva er det du vil?”

Sesongen er over. Ho ser han gli bort. Sakte men sikkert er det berre skuggen av det som ein gong var ein skotsikker skulptur som står att. Den vakraste skulpturen av alle. Den som aldri knusar sjølv, men utan å vita det slår ihjel alt det som kjem nær. “Eg klarar ikkje la det gå..” Ho skrik, men alt som kjem ut er ein lav viskande tone. “Eg klarar ikkje..” Han ser på henne igjen, denne gongen djupare. “Så la det vara. Det treng ikkje vera over.” Ho skjønar at det han sei ikkje betyr noko. Det vil ikkje funka. Han vil jo ikkje.

Ho tek kaffikoppen hans. Let han sittje att der ute i stova aleine. Aleine på kjøkkenet smakar ho på leppene hans igjen. Let underleppa gli forsiktig langs randen av koppen. Salt. Han smaka alltid litt salt. Ho rører like forsiktig ved koppen som hans lepper ein gong rørde hennar lepper.  Som om han var redd for at ho skulle knusa.

Så står han der. Bak henne på kjøkkenet, akkuratt slik som den gongen for eit år sidan, då ho traff han tilfeldig på ein fest. Den festen ingen fekk høyra om seinare.

Dei har sine hemmlighetar, han og ho. Ingen får vita det, berre slik kan det vara.

Hey you, remember me?

For fyrste gong var eg ærleg om det. Eg sa det som det var. Som det er. Eg var dødeleg forelska. Er dødeleg forelska? Ein veit ikkje kva ein gjer og ser ikkje kva som hender. Eg sa det heilt utan å kjenna sommarfuglane i magen. Heilt utan å rødma. Eg var dødeleg forelska. Eg er dødeleg forelska?

Snakka alltid om han, til dei eg turte sei det til. Alltid han. Berre han.

Kvifor var det slik? Er det slik?

Følelsar. Den eine tingen vi menneske faktisk ikkje kan kontrollera. Tru meg eg har prøvd. Eg klarte det og. Ein kan berre oversjå dei. Det går ann. Faktisk er det til tider ganske enkelt. Men så slår det tilbake på deg og du blir stum og kvalt og føler deg dum. Eg har vore gjennom det. Er i det?

Du veit ikkje kvar i verda du er alltid. Veit ikkje om døra di er den til høgre eller venstre eller om han i det heiletatt har ofra ein halv tanke din veg sidan sist du såg han.

Og slik er berre livet. Eg har kome fram til konklusjonen: eg må enten gløyma han heilt, sletta han frå livet. Eller må det berre bli oss ein dag.

Eg håpar det blir oss, eg. Det er det som er problemet.

Artikkel

Ein artikkel er ein sakprosa tekst. Artiklar skal vera saklege, og gå rett på sak. Det er ikkje opna for eigne meiningar og synspunkt i ein artikkel. Artikkelen skal representera saka og gje deg informasjon om det artikkelen handlar om. For eksempel kan ein skriva ein artikkel om bioteknologi, eller korleis dyrearten Lemen kvart fjerde år har ”Lemen år” og kastar seg utfor ei fjellside og døyr.

Ofte får ein oppgåver på skulen der ein skal skriva ein artikkel. Det er ganske vanleg i skriveøkter og på tentamenar. Då må ein passa på at ein skriv ein artikkel slik ein artikkel skal skrivast, og ein bør helst svara på oppgåva så godt ein kan. Om ein skal skriva ein artikkel om ei sak som opptar deg i media, skal ein gjera det.

Men det er ikkje alltid enkelt å skriva ein artikkel. Den skal vera sakleg og det du skriv må koma frå sikre kjelder. Dette kan vera veldig vanskeleg og ein kan risikera å enda opp med å skriva noko heilt anna enn det ein skal, fordi ein ikkje har klart å skriva noko som helst dei to fyrste timane av økta på tre. Då må ein ta seg saman, og tenka hardt.

Når ein skal skriva ein artikkel om ei sak i media, krev det at ein føl med på kva som hender i media. Når det einaste ein kjem på å skriva om, er han som ein ikkje kan skriva namnet på men som ein veit fekk Nobels Fredspris utan å ha moglegheit til å ta imot den fordi han sit i fangenskap, har ein eit problem. Då blir ikkje artikkelen slik den skal fordi ein ikkje har sett ei nyheitsendig sidan sist veke, og ein berre les sporten i avisene. Då har ein eit problem.

Artikkel er ein streng sjanger. Det er stramme rammer for kva, og korleis ein skal skriva. Det kan bli problematisk å skriva ein god artikkel om ein ikkje har vore observant i norsktimane og fått med seg fisken. Fisken er ein fin modell på korleis ein artikkel skal vera. Innleiinga skal bita tak i deg og sluka deg ned i magen(hovuddelen), som skal informera om saka og fortelja alt det viktigaste. Deretter kjem du bak til finna, som skal vifta deg ut med ei god avslutting og gjerne ein konklusjon.

Kva skal ein konkludera med om mannen frå Kina som ein har følgd i media men ikkje veit noko om utan internett? Det kan det vera vanskeleg å vita, når ein ikkje har nok informasjon. Nok informasjon er viktig når ein skriv sakprosa tekstar. Ein kan ikkje berre dikta opp noko og overdriva og underdriva alt etter kva veg vinden bles. Ein må halda seg til fakta, og vera realistisk. Ein artikkel skal vera truverdig.

Mannen i Kina kan bli eit problem når ein får i oppgåve å skriva ein artikkel i skriveøkta. Ein får ikkje tilgang til informasjon, og klarar gjerne ikkje finna noko anna å skriva om, sidan det er mannen i Kina som har fått eins merksemd når ikkje Pølsa Pettersen har vore på tv så mykje som ein hadde håpa på. Å undersøkja og forbereda seg godt før ein byrjar på ein artikkel kjem godt med. Då slepp ein pinlege situasjonar og frykta for å stryka i det faget ein likar best.

Ein artikkel skal drøfta saker frå begge sider. Ein skal ikkje ta parti og visa kva ein personleg meiner om saka sjølv, men visa til alle sidene. Dette er viktig for at artikkelen skal kunna nå fram til alle, og informera best mogleg. Nokre artiklar handlar ikkje om det dei skal handla om.

Det blir som med ein nyheitsartikkel. Ein les overskrifta og ingressen og så kjem ein til innhaldet og det handlar ikkje om det ein trudde i det heile. Slike ting kan vera irriterande for lesarane, men for skribenten er det nok verre. Skrivesperre og informasjonssvik er slikt ein kan oppleva under artikkelskriving. Det kan bli problematisk.

Men når alt kjem til alt, ein artikkel om mannen som er fengsla i Kina ville vore ein dårleg artikkel om alt som stod der var. ”Han fekk Nobels Fredspris i 2010. Namnet hans er like vanskeleg å huska som det er å skriva og å uttala det er umogleg.” Difor kan ein artikkel som kanskje ikkje er ein artikkel kanskje vere vel så god sjølv om ein leverar den frå seg med skjelvande stemme og frykta for å få karakteren stryk i det faget ein likar best. 754 ord er akkurat passe mange til ein artikkel. Ein artikkel bør ikkje vera for lang, den blir lett keisam med all den informasjonen som skal med. Difor sluttar ein gjerne på 786.

Hei eg heiter Ida og skulle skriva om ein sak som var i media for tida. Ein sak som fangar mi merksemd..

Hei eg heiter Ida og eg trur eg nettopp strauk i norsk…………

En sykdom er en unormal tilstand for kropp eller sinn som fører til misbehag, dysfunksjon eller andre plager for en person eller folk som er i kontakt med en person.(wikipedia)

Wanna know the reason why Hjarteskribler ikke oppdaterer bloggen sin??? Selvsagt vil du det!

De 3 siste månedene har Ida Marie hatt problemer med sykdom. Feberen har kommet og gått, hun har hostet og peset, spyet og svettet. Idag tok hun turen til legen. Hun fikk beskjed: du har ikke blodårer! Legen strevde med å få tatt blodprøve. Så kom det en handsome lege med attitude forbi, han sa: (sitat Ida marie sin faceb:)

– digg når du skal ta blodprøve og blodårena berre stikk av heila tie(ja, da va da han sa…) so kjem Doktor Attitude forbi og berre “stikk a i pulsåra så blir u kvitt a!!”

Nok om det! Hun lever.

<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3< 3< 3< 3< 3< 3< 3<3 <3

Over til seriøse saker.

De som kjenner Ida, vet at hun er totaly betatt av Tero Pitkämäki. I sommer da vi var på roadtrip i Sogn, kjørte vi forbi et veiskilt der det stod Tero! Vi stirret på hverandre så bilen shinett/skinglett/skanglett og begge tenkte: vi MÅ snu! Vi rygget tilbake i 156, parkerte i innkjørselen til et hus og Ida linet opp ved siden av attraksjonen. Jeg tok bilder som fy, og mannen som satt i hagen ved siden av var lykkelig fordi han endelig fikk sine 5 minutter i blitzlyset. Desverre satt han bak kameraet.

Til siste nytt:

XOXO Søss. <3

Dansk peber.

Eg les statusar på facebook om herlege treningsøkter på morrakvisten og sunne frukostar på menyen, og kjenner at eg på ingen som helst måte er ein del av denne verda ein kallar sunn. Eg er ikkje ein gong det ein kallar “normalt sunn”.

Idag rulla eg ut av senga, traff golvet med eit sikklande tryne først, før resten av kroppen kom sigande som ein halvheva bolledeig. Sidan eg sovna med klea på igår var jo det allereie gjort, så eg reiste meg og gjekk opp og åt ei mandarin (eventuelt ei klemmentin), tok meg ein dansk peber drops og eit gals heilmjølk, og låg meg padderund på sofan og sikkla litt meir.

Kanskje eg burde gjera noko med denne oppførselen, men på den andre sida så er eg for lat til å gidda å tenka på det.

“trener du ALDRI? aldri noen gang?”  Han heva augebryna så høgt at dei forsvann under panneluggen som stod oppover i eit tårn av voks. Han er kjekkare med luggen ned i panna, men det sei eg ikkje til han. Kvifor skulle eg sei det liksom? Kjekk er han uansett. “Nei nesten aldri.. eller, tok meg ein joggetur for to veke sia..” Eg blei litt flau av å stå der framfor sunnheten sjølv og innrømma at this flesh ain’t movin unless it has to.  Men han berre smilte og sa “imponerende.. med den maten du spiser skulle det tilsi at du var feit no..”

Det var då eg innsåg at eg må skjerpa meg. Å bu på fjellet kan faktisk ikkje redda meg lengre når alle kompissane køyrer bil… Men eg gidd ikkje. Ikkje no iallefall, eg har nok danske peber drops til maaange ekkle laurdagsfrukostar endå.