Dansk peber.

Eg les statusar på facebook om herlege treningsøkter på morrakvisten og sunne frukostar på menyen, og kjenner at eg på ingen som helst måte er ein del av denne verda ein kallar sunn. Eg er ikkje ein gong det ein kallar «normalt sunn».

Idag rulla eg ut av senga, traff golvet med eit sikklande tryne først, før resten av kroppen kom sigande som ein halvheva bolledeig. Sidan eg sovna med klea på igår var jo det allereie gjort, så eg reiste meg og gjekk opp og åt ei mandarin (eventuelt ei klemmentin), tok meg ein dansk peber drops og eit gals heilmjølk, og låg meg padderund på sofan og sikkla litt meir.

Kanskje eg burde gjera noko med denne oppførselen, men på den andre sida så er eg for lat til å gidda å tenka på det.

«trener du ALDRI? aldri noen gang?»  Han heva augebryna så høgt at dei forsvann under panneluggen som stod oppover i eit tårn av voks. Han er kjekkare med luggen ned i panna, men det sei eg ikkje til han. Kvifor skulle eg sei det liksom? Kjekk er han uansett. «Nei nesten aldri.. eller, tok meg ein joggetur for to veke sia..» Eg blei litt flau av å stå der framfor sunnheten sjølv og innrømma at this flesh ain’t movin unless it has to.  Men han berre smilte og sa «imponerende.. med den maten du spiser skulle det tilsi at du var feit no..»

Det var då eg innsåg at eg må skjerpa meg. Å bu på fjellet kan faktisk ikkje redda meg lengre når alle kompissane køyrer bil… Men eg gidd ikkje. Ikkje no iallefall, eg har nok danske peber drops til maaange ekkle laurdagsfrukostar endå.

Advertisements

10 responses to “Dansk peber.

  1. Eg prøvde meg som sporty her forleden, når tvillingana begynte på kickboxing.. Eg gjekk halveis i timen og åt kinamat med Benedikte. Trening virka so uviktig :D

  2. Jeg trener heller aldri. Om jeg burde gjort det, er en annen sak :p

  3. eg likar ikkje å trene eg, men alle veit jo at alle burde beverge sesg avogtil..sukk

  4. HAHAHA, du skriver så herlig!! Kan ikke si jeg kjenner meg igjen da.. :P Men jeg kan si at trening gjør deg opplagt, du burde prøve det!!!! ;) hehe

    • haha! Jotakk, at dei orda kom frå deg var faktisk ikkje overraskande i det heile ;) sprekingen!!! (eg tek gjerne i mot litt pågangsmot og power om du har lyst å gi ifra deg litt…)

  5. Eg driv med synkron-soving. Det må vel vera sunt?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s