Artikkel

Ein artikkel er ein sakprosa tekst. Artiklar skal vera saklege, og gå rett på sak. Det er ikkje opna for eigne meiningar og synspunkt i ein artikkel. Artikkelen skal representera saka og gje deg informasjon om det artikkelen handlar om. For eksempel kan ein skriva ein artikkel om bioteknologi, eller korleis dyrearten Lemen kvart fjerde år har ”Lemen år” og kastar seg utfor ei fjellside og døyr.

Ofte får ein oppgåver på skulen der ein skal skriva ein artikkel. Det er ganske vanleg i skriveøkter og på tentamenar. Då må ein passa på at ein skriv ein artikkel slik ein artikkel skal skrivast, og ein bør helst svara på oppgåva så godt ein kan. Om ein skal skriva ein artikkel om ei sak som opptar deg i media, skal ein gjera det.

Men det er ikkje alltid enkelt å skriva ein artikkel. Den skal vera sakleg og det du skriv må koma frå sikre kjelder. Dette kan vera veldig vanskeleg og ein kan risikera å enda opp med å skriva noko heilt anna enn det ein skal, fordi ein ikkje har klart å skriva noko som helst dei to fyrste timane av økta på tre. Då må ein ta seg saman, og tenka hardt.

Når ein skal skriva ein artikkel om ei sak i media, krev det at ein føl med på kva som hender i media. Når det einaste ein kjem på å skriva om, er han som ein ikkje kan skriva namnet på men som ein veit fekk Nobels Fredspris utan å ha moglegheit til å ta imot den fordi han sit i fangenskap, har ein eit problem. Då blir ikkje artikkelen slik den skal fordi ein ikkje har sett ei nyheitsendig sidan sist veke, og ein berre les sporten i avisene. Då har ein eit problem.

Artikkel er ein streng sjanger. Det er stramme rammer for kva, og korleis ein skal skriva. Det kan bli problematisk å skriva ein god artikkel om ein ikkje har vore observant i norsktimane og fått med seg fisken. Fisken er ein fin modell på korleis ein artikkel skal vera. Innleiinga skal bita tak i deg og sluka deg ned i magen(hovuddelen), som skal informera om saka og fortelja alt det viktigaste. Deretter kjem du bak til finna, som skal vifta deg ut med ei god avslutting og gjerne ein konklusjon.

Kva skal ein konkludera med om mannen frå Kina som ein har følgd i media men ikkje veit noko om utan internett? Det kan det vera vanskeleg å vita, når ein ikkje har nok informasjon. Nok informasjon er viktig når ein skriv sakprosa tekstar. Ein kan ikkje berre dikta opp noko og overdriva og underdriva alt etter kva veg vinden bles. Ein må halda seg til fakta, og vera realistisk. Ein artikkel skal vera truverdig.

Mannen i Kina kan bli eit problem når ein får i oppgåve å skriva ein artikkel i skriveøkta. Ein får ikkje tilgang til informasjon, og klarar gjerne ikkje finna noko anna å skriva om, sidan det er mannen i Kina som har fått eins merksemd når ikkje Pølsa Pettersen har vore på tv så mykje som ein hadde håpa på. Å undersøkja og forbereda seg godt før ein byrjar på ein artikkel kjem godt med. Då slepp ein pinlege situasjonar og frykta for å stryka i det faget ein likar best.

Ein artikkel skal drøfta saker frå begge sider. Ein skal ikkje ta parti og visa kva ein personleg meiner om saka sjølv, men visa til alle sidene. Dette er viktig for at artikkelen skal kunna nå fram til alle, og informera best mogleg. Nokre artiklar handlar ikkje om det dei skal handla om.

Det blir som med ein nyheitsartikkel. Ein les overskrifta og ingressen og så kjem ein til innhaldet og det handlar ikkje om det ein trudde i det heile. Slike ting kan vera irriterande for lesarane, men for skribenten er det nok verre. Skrivesperre og informasjonssvik er slikt ein kan oppleva under artikkelskriving. Det kan bli problematisk.

Men når alt kjem til alt, ein artikkel om mannen som er fengsla i Kina ville vore ein dårleg artikkel om alt som stod der var. ”Han fekk Nobels Fredspris i 2010. Namnet hans er like vanskeleg å huska som det er å skriva og å uttala det er umogleg.” Difor kan ein artikkel som kanskje ikkje er ein artikkel kanskje vere vel så god sjølv om ein leverar den frå seg med skjelvande stemme og frykta for å få karakteren stryk i det faget ein likar best. 754 ord er akkurat passe mange til ein artikkel. Ein artikkel bør ikkje vera for lang, den blir lett keisam med all den informasjonen som skal med. Difor sluttar ein gjerne på 786.

Hei eg heiter Ida og skulle skriva om ein sak som var i media for tida. Ein sak som fangar mi merksemd..

Hei eg heiter Ida og eg trur eg nettopp strauk i norsk…………

Advertisements

8 responses to “Artikkel

  1. Jeg håper dette var den artikkelen du leverte inn. Jeg liker annerledes tolkninger på oppgaver. Og dette var jo det. Selv om artikkelskriving kanskje ikke har vært så mye i media i det siste. Tihi. Og jeg må si jeg liker prioriteringene dine svært godt når det gjelder utvalget i nyhetssaker. Pølsa Pettersen har nokså mye lettere for å tiltrekke seg min oppmerksomhet enn en kinesisk mann i fangenskap som egentlig skulle vært i Oslo og mottatt fredsprisen. Skadede skihoppere og tyske sprintere som faller. Det leser jeg om.

    Jeg håper du har ikkefulltsåkonservativ lærer, som kan se det gode i denne teksten. Jeg mener stilskriving handler vel så mye om kreativitet som om pur kunnskap. Og evne til å formulere seg, selvsagt. Og her viser du jo både kreativitet og velutviklet formuleringsevne. Jeg fikk toppkarakter på en engelskstil som handlet om at jeg ikke hadde noe å skrive. Sånne lærere liker man.

    Vet ikke hvorfor jeg absolutt måtte skrive en så sinnssykt lang kommentar til dette. Ble veldig snakkesalig, plutselig. Kan ha noe å gjøre med at jeg prøver å finne på alt annet enn å øve til mattetentamen som er i morgen.

    • Haha, likar at kommentaren din er nesten like lang som innlegget mitt :P
      Det var den eg leverte inn ja, og eg håpar verkeleg at eg har ein ikkjekonservativ lærar eg òg! hehe.. har ikkje akuratt.. svart på oppgåva.. ops..

      Masse lykke til på mattetentamen!!

  2. Hei, eg heiter Ingrid og eg kjem aldri til å få til å skrive ein artikkel.

  3. Hei jeg heter Borghild, og har lagt merke til at du skriver mye om kjæææærleik og sånt på bloggisen din! Så det er linketid; http://kvalogactionfilm.blogspot.com/
    De skriver noen veldig fine innlegg om kjærlighet og sånt av og til, tenkte jeg skulle tipse :-D Ikke fordi jeg er en skummel stalker eller noe altså, jeg bare… liker å anbefale ting. Ehe.

    PS, du stryker nok ikke hvis læreren er kul! Hepp hepp.

    • Å? har du merka det du òg? hehee… men bloggen var kjempefin!! Likte den veldig godt, så takk for tipset! :)

      Læraren BØR skru på godviljen når ho rettar! Ellers… blir eg lei meg..

  4. Du alså, du skrive heilt fantastisk! Denne fisken slukte sannelig meg jaffal. Ska godt gjeras å skriva så bra OM artikkel. Nei du, applaus! Applaus, applaus! Får håba på det besta med tentamen. Det ska nok en god (!) del til, for at du stryge. Heie, heie på deg!:-)

    (Forresten, JIPPI for en update! Håbe helså har komt seg:-) )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s