Kom inn å få deg litt kaffe.


Når du har brutt alle regler som bryta går .Og du har slikt av dine sår .Og det er hverken din anger eller pasjon som rår. Kem sitter du igjen med då? La det vara. Når det er slutt på en sesong. Når det er tomt i min kartong. Philemon Arthur & The Dung. Du og meg i en song. Prøv og grav ner, prøv å grav ner, dine hemmeligheter. Alt du vil at ingen andre skal veta. Og det går år, før det du sår kan voksa. Prøv å hold ut for meg då. Du vett, alt du kan drømma, alt det kan henda. Akkurat som alt som er vakkert, kan brenna. Og mens ingenting hender, kan du ingenting gjera. Du må bare la det vara. Når det er slutt på en sesong. Når det er tomt i min kartong. Philemon Arthur & The Dung. Du og meg i en sang. Ding dong. Kem er det som banker på nå? Er det du? Kom inn og få deg litt kaffe.

Han drikk kaffien sakte. Skular på henne over randen av koppen. Kva tenkjer han på? Ho smilar. Legg handa på låret hans og seier det er fint at han ville komma. Han trekkjer seg bort. Sett frå seg kaffikoppen. «Kva er det du vil ha frå meg?» Nei, han seier det ikkje høgt, men ho trur ho forstår. Det er det blikket hans seier: «Kva er det du vil?». Ho kjenner han godt nok no. Ho veit. Tek hinta, dei er mange. «Kva er det du vil?»

Sesongen er over. Ho ser han gli bort. Sakte men sikkert er det berre skuggen av det som ein gong var ein skotsikker skulptur som står att. Den vakraste skulpturen av alle. Den som aldri knusar sjølv, men utan å vita det slår ihjel alt det som kjem nær. «Eg klarar ikkje la det gå..» Ho skrik, men alt som kjem ut er ein lav viskande tone. «Eg klarar ikkje..» Han ser på henne igjen, denne gongen djupare. «Så la det vara. Det treng ikkje vera over.» Ho skjønar at det han sei ikkje betyr noko. Det vil ikkje funka. Han vil jo ikkje.

Ho tek kaffikoppen hans. Let han sittje att der ute i stova aleine. Aleine på kjøkkenet smakar ho på leppene hans igjen. Let underleppa gli forsiktig langs randen av koppen. Salt. Han smaka alltid litt salt. Ho rører like forsiktig ved koppen som hans lepper ein gong rørde hennar lepper.  Som om han var redd for at ho skulle knusa.

Så står han der. Bak henne på kjøkkenet, akkuratt slik som den gongen for eit år sidan, då ho traff han tilfeldig på ein fest. Den festen ingen fekk høyra om seinare.

Dei har sine hemmlighetar, han og ho. Ingen får vita det, berre slik kan det vara.

Advertisements

2 responses to “Kom inn å få deg litt kaffe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s