Category Archives: Kvardagslege greier

Artikkel

Ein artikkel er ein sakprosa tekst. Artiklar skal vera saklege, og gå rett på sak. Det er ikkje opna for eigne meiningar og synspunkt i ein artikkel. Artikkelen skal representera saka og gje deg informasjon om det artikkelen handlar om. For eksempel kan ein skriva ein artikkel om bioteknologi, eller korleis dyrearten Lemen kvart fjerde år har ”Lemen år” og kastar seg utfor ei fjellside og døyr.

Ofte får ein oppgåver på skulen der ein skal skriva ein artikkel. Det er ganske vanleg i skriveøkter og på tentamenar. Då må ein passa på at ein skriv ein artikkel slik ein artikkel skal skrivast, og ein bør helst svara på oppgåva så godt ein kan. Om ein skal skriva ein artikkel om ei sak som opptar deg i media, skal ein gjera det.

Men det er ikkje alltid enkelt å skriva ein artikkel. Den skal vera sakleg og det du skriv må koma frå sikre kjelder. Dette kan vera veldig vanskeleg og ein kan risikera å enda opp med å skriva noko heilt anna enn det ein skal, fordi ein ikkje har klart å skriva noko som helst dei to fyrste timane av økta på tre. Då må ein ta seg saman, og tenka hardt.

Når ein skal skriva ein artikkel om ei sak i media, krev det at ein føl med på kva som hender i media. Når det einaste ein kjem på å skriva om, er han som ein ikkje kan skriva namnet på men som ein veit fekk Nobels Fredspris utan å ha moglegheit til å ta imot den fordi han sit i fangenskap, har ein eit problem. Då blir ikkje artikkelen slik den skal fordi ein ikkje har sett ei nyheitsendig sidan sist veke, og ein berre les sporten i avisene. Då har ein eit problem.

Artikkel er ein streng sjanger. Det er stramme rammer for kva, og korleis ein skal skriva. Det kan bli problematisk å skriva ein god artikkel om ein ikkje har vore observant i norsktimane og fått med seg fisken. Fisken er ein fin modell på korleis ein artikkel skal vera. Innleiinga skal bita tak i deg og sluka deg ned i magen(hovuddelen), som skal informera om saka og fortelja alt det viktigaste. Deretter kjem du bak til finna, som skal vifta deg ut med ei god avslutting og gjerne ein konklusjon.

Kva skal ein konkludera med om mannen frå Kina som ein har følgd i media men ikkje veit noko om utan internett? Det kan det vera vanskeleg å vita, når ein ikkje har nok informasjon. Nok informasjon er viktig når ein skriv sakprosa tekstar. Ein kan ikkje berre dikta opp noko og overdriva og underdriva alt etter kva veg vinden bles. Ein må halda seg til fakta, og vera realistisk. Ein artikkel skal vera truverdig.

Mannen i Kina kan bli eit problem når ein får i oppgåve å skriva ein artikkel i skriveøkta. Ein får ikkje tilgang til informasjon, og klarar gjerne ikkje finna noko anna å skriva om, sidan det er mannen i Kina som har fått eins merksemd når ikkje Pølsa Pettersen har vore på tv så mykje som ein hadde håpa på. Å undersøkja og forbereda seg godt før ein byrjar på ein artikkel kjem godt med. Då slepp ein pinlege situasjonar og frykta for å stryka i det faget ein likar best.

Ein artikkel skal drøfta saker frå begge sider. Ein skal ikkje ta parti og visa kva ein personleg meiner om saka sjølv, men visa til alle sidene. Dette er viktig for at artikkelen skal kunna nå fram til alle, og informera best mogleg. Nokre artiklar handlar ikkje om det dei skal handla om.

Det blir som med ein nyheitsartikkel. Ein les overskrifta og ingressen og så kjem ein til innhaldet og det handlar ikkje om det ein trudde i det heile. Slike ting kan vera irriterande for lesarane, men for skribenten er det nok verre. Skrivesperre og informasjonssvik er slikt ein kan oppleva under artikkelskriving. Det kan bli problematisk.

Men når alt kjem til alt, ein artikkel om mannen som er fengsla i Kina ville vore ein dårleg artikkel om alt som stod der var. ”Han fekk Nobels Fredspris i 2010. Namnet hans er like vanskeleg å huska som det er å skriva og å uttala det er umogleg.” Difor kan ein artikkel som kanskje ikkje er ein artikkel kanskje vere vel så god sjølv om ein leverar den frå seg med skjelvande stemme og frykta for å få karakteren stryk i det faget ein likar best. 754 ord er akkurat passe mange til ein artikkel. Ein artikkel bør ikkje vera for lang, den blir lett keisam med all den informasjonen som skal med. Difor sluttar ein gjerne på 786.

Hei eg heiter Ida og skulle skriva om ein sak som var i media for tida. Ein sak som fangar mi merksemd..

Hei eg heiter Ida og eg trur eg nettopp strauk i norsk…………

Advertisements

Dansk peber.

Eg les statusar på facebook om herlege treningsøkter på morrakvisten og sunne frukostar på menyen, og kjenner at eg på ingen som helst måte er ein del av denne verda ein kallar sunn. Eg er ikkje ein gong det ein kallar «normalt sunn».

Idag rulla eg ut av senga, traff golvet med eit sikklande tryne først, før resten av kroppen kom sigande som ein halvheva bolledeig. Sidan eg sovna med klea på igår var jo det allereie gjort, så eg reiste meg og gjekk opp og åt ei mandarin (eventuelt ei klemmentin), tok meg ein dansk peber drops og eit gals heilmjølk, og låg meg padderund på sofan og sikkla litt meir.

Kanskje eg burde gjera noko med denne oppførselen, men på den andre sida så er eg for lat til å gidda å tenka på det.

«trener du ALDRI? aldri noen gang?»  Han heva augebryna så høgt at dei forsvann under panneluggen som stod oppover i eit tårn av voks. Han er kjekkare med luggen ned i panna, men det sei eg ikkje til han. Kvifor skulle eg sei det liksom? Kjekk er han uansett. «Nei nesten aldri.. eller, tok meg ein joggetur for to veke sia..» Eg blei litt flau av å stå der framfor sunnheten sjølv og innrømma at this flesh ain’t movin unless it has to.  Men han berre smilte og sa «imponerende.. med den maten du spiser skulle det tilsi at du var feit no..»

Det var då eg innsåg at eg må skjerpa meg. Å bu på fjellet kan faktisk ikkje redda meg lengre når alle kompissane køyrer bil… Men eg gidd ikkje. Ikkje no iallefall, eg har nok danske peber drops til maaange ekkle laurdagsfrukostar endå.

Om å sova anføttes med ambisjonar.

Hvordan er det egentlig, livet? De første sekundene mener jeg. I det trynet treffer overflaten og du gisper etter luft så du hylgriner. Når trynet liksom går fra lyserosa til mørk uggenlilla.

Det er dei fyrste settningane i boka mi. Boka mi blir fin, trur eg.  Eg håpar berre at eg klarar å skriva heile boka, at det ikkje stoppar opp igjen.

Den er skriven på bokmål, og faktisk, så likar eg det best slik. Historia kler det. Den handlar om ein fjortenåring. Ein gutt. Det er utruleg lett å settja seg inn i rolla som guttefjortis. Det hadde eg ikkje trudd det sku vera, men det er altså det.

Om eg blir ferdig med boka, og ein gong får gitt den ut, skal de få lov å ta på dykk jakken og dei gamle skoa og springa på næraste bokhandel og betala den med ein skrukkete tohundrelapp som har vore i vaskemaskina for tredje gong. Eg kan sjå for meg ekstasen og kaoset som vil oppstå i verda den dagen EG BLIR MAJESTET! neida.. tulla.. eg kjedar meg..trengte ein pause frå idèmyldring og tankepress.

Sei meg noko fint då. Sei at de likar songen eg låg ut tidlegare idag eller at nokon andre enn meg heldt på med noko gøy. Fleire enn meg som har ambisjonar om å bli vardas eineherskar? Nokon som skal bli profesjonell teaterpublikummar eller halvfeit treningsnarkoman? Plis vis at det fins folk med ambisjonar då.

Det er slik det skal vera.

Her sitt eg i eit desperat forsøk på å sanka lesarar frå blogg.no si eiga fesjåverd og ser på at alle saman er like orginale og bloggar om fire lilla lys og lukta av griseflesk. Eg irriterar meg over kor lite sjølvtenkande folk er og tenkjer «kvifor MÅ alle alltid gjera det alle andre gjer???» Alle pyntar til jul og alle er i julestemning og har handla julepakker for fem år framover og eg berre «WHY??» det er jo ikkje jul på leeenge endå. Eg får heile julestyret litt opp i halsen heilt til eg innser at det er ein grunn til at alle bloggar om fire lilla lys og lukta av griseflesk.. det er jo fyrste sundag i advent!

Om nokre dagar skal eg opna julekalendaren eg ikkje har, og no skal huset eigentleg vera lilla  (Ja, fy alle som pyntar med raudt og nissar allereie no! Det er advent og advent er lilla! basta.) Men huset vårt er like rotete og som alltid og ingen har lufta tanken på at det er fyrste sundag i advent som eg har høyrd. Pappa masar litt om julebakst og sirupsnippar men det gjer han heile året så det får meg liksom ikkje automatisk til å tenkja at det snart er jul. Han syng Mitt hjerte alltid vanker på innoverpust då, noko som burde få bjellene til å ringa, men også det gjer han heile året. Det er altså ikkje heilt advent her i huset, og denne julestemninga alle snakkar om har ikkje vore på besøk.

Misforstå meg rett, jula har alltid vore ei fin tid i familien vår. I fjor kom pappa heim med ei bjørk som han pynta til juletre, men mamma blei sint og kasta det ut. Eg trur det er ein av dei morsomaste førjulstidene eg har hatt. Pappa blei litt skuffa, men smilet kom fort tilbake når han fekk sirupsnippane sine.

Nei, no må eg feira fyrste sundag i advendt. Mamma lagar armeriddarar og søss raserar huset. (ho har bestemt seg for å flytta inn i kjellarstova fordi ho er for kul for kjølerommet som ho har budd på.. sorry, den var intern..) Eg og pappa glor på sportssøndag. Eg blir så glad når graset bli kvitt,  då blir sport på tv gøy!

Adventstida er med andre ord akuratt slik som den skal.

Simply to much.

Eg har etterkvart innsett at desember månad i år, vil bli den travlaste desember månad eg nokon gong har hatt. Alle prøvar og store oppgåver har blitt pressa på oss no. (noko som irriterar meg med tanke på at eg har hatt ca ingen prøvar, eller langvarige individuelle oppgåver fram til no..) Det blir medie prøvar, samfunsfag prøve, ei tre vekers magasin oppgåve(som eg forresten har tru på kan bli ein ganske god oppgåve), norsk tentamen, engelsk tentamen, uttrykkshistorie, UB jobbing, og ja.. masse masse skule. Eg skal og i studio å spela inn singel midt oppi dette, noko eg gledar meg til men som og tek mykje tid.

Midt oppi dette er det «jul», og eg som den korpsnerden eg er har plutseleg WAY TO MUCH to do… Eg trudde eg hadde julesongane godt under kontroll og stressa eigentleg ikkje noko særleg med det. Men på forige øving med Haus Musikklag fekk eg plutseleg utdelt ein stol framme blandt solokornetistane og nye notar eg ikkje kunne… Men eg har øvd då. Mykje. Og eg merkar at dette skal gå bra likevell.

Men så er det ikkje berre Haus Musikklag heller, eg har jo skulemusikken og Osterøykoret. I Osterøykoret skal eg synga ein solo som eg ikkje kan.. eg kan vel eigentleg ingenting av det me syng i koret…, og som om de ikkje er nok så skal eg altså spela kornett ialg med dei òg. Dette er  songar eg endå ikkje har fått notar på.. litt skummelt med tanke på at eg der er heilt åleine og kvar minste feil vil bli lagt merke til… første konserten er 3.desember i Hosanger kyrkje(om nokon skulle villa komma å høyra på) så om dei notane ikkje dukkar opp snart er eg ganske screwed.

Eg har ein del julekonsertar på reportuaret for å sei det sånn.

Det eg sei her er altså at eg ikkje har tid il å blogga og vil difor heller ikkje komma til å gjere det. Eg startar oppatt 1.januar 2011, med nytt design og nye ord. Until then, Marry bussy Christmas.

Facebook is totaly random on wordpress.

Av og til blir eg så himmla glad av å lesa kva folk googlar når dei forvillar seg inn på bloggen min. Her på wordpress har me nemleg ein applikasjon som heiter «Toppsøk» og der kjem orda som har ført folk frå google og fram til min blogg. Idag for eksempel, idag har nokon googla det kulaste:

Høhø, så sjukt random! Når eg først er igang.. her har de fleire random sjukt interne, random facebook ting.  Facebook er livet. BTW: Leon er kul. Leon, du er kul!

Pure beauty.

Eg har nett sett Dear John.. og veit de.. eg sippa! Snørrete og snufsete og totalt emotional blei eg. Dette skjer ytterst sjeldan så dette var rart. Faktisk ganske eksepsjonelt var det! Men ja, eg likte filmen! Kan muligens kanskje ha å gjera med det faktum at Channing Tatum er noko av det vakraste som har bevegd sine velbygde bein på jordas overflate nokon gong, men på den andre sida er filmen berre heilt fin i seg sjølv. Kjempefin, faktisk.

photo//: google is my friend.