Hjarteskriblaren.

Eg skriv absolutt ikkje om alt, og eg skriv aldri om ingenting. Eg skriv heller ikkje om ting som “faller meg inn” eller “detter ned i hodet mitt der og da”.

“Ting som kommer flyvende på en boble av kreativ skjønnhet fra den åndelige verden, her og nå” finn du lite av. Nei, om du er ute og leitar etter ein standard vanleg blogg har du ringt feil. ;-)

Bloggaren er 17 år og veit å nyta livet. Å nyta livet betyr ikkje å drikka seg dritings og gå på byn før du har fylt ti og lært deg å stava onomatopoetikon baklengs, men det betyr å kunna le og meina det. Å grina og sjå ironin i det. Bli overengasjert i alt ein står for og å la seg sjølv få driva på med det ein elskar å driva med, som i dette tilfellet er skriving og musikk! Ho skriv for tida på ei bok, og håpar på at det å skriva kan bli levebrødet ein gong i framtida. Kort fortald er ho ein sta korpsnerd med skrivekløe :-)

Men ho er ingen engel. Ho gjer feil, ho som alle andre. Nokre lærar ho av, andre ser ikkje ut til å legga frå seg spor i det heile.

Ho likar folk som er snille og har humor, og blir nervøs av menneske som ikkje har humor og passar betre under kategorien slem enn kategorien snill. Navnet hennar er forresten Ida Marie, og Ida Marie elskar film. “Little Miss Sunshine” er favoritt filmen, den har ho sett nesten like mange gongar som ho har sett “The Phantom of the Opera”, som ho såg 57 gongar fordi ho var forelska i Gerard Butler. Ida Marie er konstant forelska, det kallar ein mannemani. Eventuelt idioti.

Ja… noko meir som er verd å veta? Om du lurar på noko kan du alltids spørra. Det kan hende eg svarar.

Du kan følga bloggen på bloglovin

bloglovin
bloglovin
eller du kan lika den på Facebook.

Advertisements